Av Svein Halvor Moe
Chris Jespersen ønskjer å visa seg fram frå sin beste side under helgas Mini-tour på Lillehammer. Skånevik-guten er revansjelysten etter det han meiner var ein begredeleg prestasjon i Finland førre helg.
Det var lite som stemte i den internasjonale sesongopninga for 31-åringen. Han har lyst til å kjempa i toppen på dagens ti kilometer og søndagens 15-kilometer.
Chris Jespersen hadde som venta ingen muligheit til å hevda seg på gårsdagens sprintprolog. Han gjekk inn til 72. plass og hadde for lengst dusja då sprintfinalane blei arrangert.
Jespersen tar sikte på å gjera eit byks på resultatlista i dag. Det er mykje som tyder på at han kjem til å fortsetja klatringa i morgon når det er 15-kilometer jaktstart.