Han tok ein solid sjetteplass i 10 kilometer friteknikk i verdenscupen i dag. Jespersen kom tidleg i mål og fekk mange spennande minuttar i målområdet på Lillehammar i dag før konkurrentane skubba han ned av pallen.
Der stod til slutt tre nordmenn med Martin Johnsrud Sundby på topp, med Finn Haagen Krogh og vossingen Sjur Røthe på andre- og tredjeplass.
Jespersen var 19,5 sekundar bak Sundby, og vel eit halvt sekund bak femteplassen til Niklas Dyrhaug. Noreg gjorde ein formidabel laginnsats med fem blant dei seks beste i dagens løp i mini-touren på Lillehammar.
Solid byks
På direkten etter at Jespersen kom i mål, sa han dette til NRK:
— Eg er nøgd om eg kjem på pallen. Hadde bestemt meg for å gå fort. Det var ei tung og tøff løype, og eg klarte å gå bra. Det var ei god avslutning for meg å vere, sa han før dei skarpaste konkurrentane var komne i mål.
Ingen plass på pallen, men ein solid sjetteplass, og eit langt steg opp etter starten på verdscupen i Kuusamo sist helg der han var langt nede på lista.
I morgon er det eit nytt løp med 15-kilometer jaktstart klassisk på Lillehammar.