VInterstemning over indre Haugalandet. Foto: Arne Frøkedal
VInterstemning over indre Haugalandet. Foto: Arne Frøkedal

Vinter for nokre dagar

Julesnø over distriktet.

Snøen kom så vidt til jul, og i løpet av dei neste kom det endå meir, mest i indre strøk. Dermed var det også flotte forhold for dei som ynskte å prøva skia igjen. Litt opp til fjells må ein for å finna nok snø.

Både frå Fjellstøl og parkeringsplassen på Opheim er det kjørt opp skiløyper, og svært mange har tatt turen innover mot Olalihytta. Det blir rapportert om svært gode forhold

Etter vind og nedbør 1. og 2. juledag, klarna det opp laurdag. Termometeret viste mange minusgrader, og i Ølensvåg mot Vats kraup gradestokken ned til ti minusgrader.

Det er usikkert kor langvarig vintervêret vil halda seg. Sundag vil det skya til igjen og koma meir snø, medan det over helga snur om til plussgrader og regn. Så dei som vil ha seg ein flott skitur lokalt, bør nytta høvet nå tidleg i romjula.

Du kan følgja med på preparering av løypene til Olalia ved å klikka her

http://skisporet.no/rogaland/olalia