Forsikringsselskapet Frende melder om enorm pågang etter uvêret i helga.
— Me har aldri sett så mange takskader etter ein storm, uttaler Heidi Tofterå Slettemoen som er kommunikasjonsansvarleg i Frende, eit selskap eigd av Etne Sparebank og ei rekkje andre sparebankar.
Per kl 16.15 måndag hadde Frende Forsikring passert 800 skader etter «Nina», og ser av pågangen at det totale talet vil bli vesentleg høgare.
— Mange har vore utan straum, mens andre har sikra skadestad og jobba med å få eigen oversikt før dei kontaktar forsikringsselskapet sitt, seier Slettemoen. Ho fortel at kundane er svært tålmodige, og enkelte har venta med å ta kontakt med selskapet, fordi dei forstår at pågangen er stor. Mange nyttar også muligheita til å melda skaden på nett, og får då statusmeldingar frå forsikringsselskapet.
— Generelt er det alt frå biler, båt som har gått ned, campingvogn som er skada, traktor som er herpa av vinden, tak som har blåse av og ei lang rekkje mindre takskader og lekkasjar, fortel ho.
Frende har ein marknadsdel på oppunder 20 prosent i dei hardast uvêrsramma områda etter »Nina». Selskapet har difor hatt høg beredskap gjennom helga, med trippel bemanning sundag, og har så langt god kontroll.
Meir uvêr
To nye stormar er varsla tysdag kveld og ut i veka, og det hastar å få tetta mot lekkasje og sikra skadested. I Bergen er det nå lang ventetid hos taktekkarar og blikkenslagarar, som må prioritere tak kor det er lekkasje.
— Me vil ikkje råda folk til sjølv å gå opp på taket, sjølv om takstein har blese av. Vanlegvis vil takpappen ta unna vatn noen dagar, seier Slettemoen, som heller rår til at du sjekkar loftet for lekkasje.
— Takstein er glatt, og det kan vera fleire lause stein. Fagfolk sikrar seg godt før dei går i gang, seier Slettemoen. Gjer du arbeid sjølv, tilrår Frende at du dokumenterer arbeidet.
— Ta bilde eller film av skadane og arbeidet, og ta vare på kvitteringar. Dette kan brukast for å vurdera erstatninga i etterkant, seier Heidi Slettemoen.
If: Over 2.000 skadar
Også forsikringsselskapet If melder om stort skadeomgang. Dei reknar med at talet på skadar vil koma til å enda på godt over 2.000. Med nytt uvêr på veg inn over landet haster det å reparera.
Måndag føremiddag hadde If ikkje full oversikt over skadeomfanget, men pågangen på telefon er stor, i tillegg til at mange melder skadar via nettsidene.
— Det som er sikkert er at Nina var mannevond. Ho flerra av heile tak og tok med seg takstein på svært mange hus. Med nytt uvêr som alt har nådd Vestlandet, hastar det å reparera for å unngå større skader, seier Jon Berge, informasjonsdirektør i forsikringsselskapet If.
Hjelp til om du kan
— Me jobbar så raskt som mulig med å reparera skader, men med dette store omfanget vil det vera ventetid. Difor oppfordrar me alle som kan, å gjera noko sjølv med skaden. Dersom du gjer det, må du passa på å dokumentera arbeidet, med foto, kvitteringer og annan relevant dokumentasjon. Men det er viktig å seia at ingen må utsetja seg for fare, då er det betre å venta, seier Berge.
Det er flest privathus som har fått skadar, men også bedrifter, bryggeanlegg, bilar og båtar er blant dei registrerte skadane hos If.