I torsdagens Grannar får du ein brei reportasje om ekstremvêret «Nina» sine herjingar lokalt. Me har besøkt huseigarar og snakka med montørar i kraftlaget som har fått kjenna dei enorme naturkreftene på kroppen.
Verst har det gått ut over tak og bygningar generelt, men også naust, kaianlegg og båtar har merka ekstremvêret med orkan i kasta. Førebles er det repportert om mindre skade på skogen enn frykta.
Du kan også sjå bilde frå uvêret i eit eige nettalbum, sendt inn av lesarane. Me utvidar dette albumet, så det er berre å senda inn foto med litt tekst til redaksjon@grannar.no.
Har du tips om oppfølging av uvêret, ring tlf 932 55 990. Her kan du også senda MMS-bilde.