Fleire konkursar

Det melder Brønnøysundregistrene i ei samanlikning med tilsvarande tal for 2013. Vindafjord hadde fem konkursar i 2014, og Etne to.

Størst auke hadde Aust-Agder, Finnmark og Troms, med høvesvis 34, 28,1 og 20,7 prosent. Nokre fylke hadde likevel ein nedgang: Møre og Romsdal saman med Nordland hadde størst reduksjon, med høvesvis 16,4 og 9,7 prosent. I Rogaland og Hordaland blei det registrert ei auke på høvesvis 6,8 og 11,2 prosent i 2014. 442 konkursar og tvangsavviklingar i Rogaland i 2014, mot 414 i 2013. For Hordaland var det 624 mot 561 i 2013.