Heller ikkje i andre del av jaktstarte greidde Chris Jespersen å knipa inn på teten i Tour de Ski. Dermed ser det heilmørkt ut for ei topplassering i årets utgåve at etapperennet.
I eit løp der Petter Northug jr. sikra sigeren med ein solid sluttspurt, måtte Jespersen nøya seg med å spela andrefiolin og kom inn på 13. plass. Når to etappar gjenstår ligg skåneviksbuen på 15 plass, 2,26 minuttar bak leiande Northug.
Sigeren i årets Tour de Ski ser ut til å stå mellom Northug, svenske Calle Halfarsson og Martin Jonsrud Sundby. Også Evgeiy Belov frå Russland ligg førebels i posisjon til sluttsiger.