Ingen av dei norske skiløparane greidde å hevda seg i teten i laurdagens etappe i Tour de Ski, 15 km klassisk fellesstart.
I mål var Chris Jespersen nummer 16, 14,1 sekundar bak dagens vinnar, tyske Tim Tscharnke. Ingen av dei beste i samandraget kom på pallen, men både Martin Johnsrud Sundby og Petter Northug jr sikra seg mange bonuspoeng og ligg på dei to første plassane før siste etappe sundag.
Jespersen er for lengst utan sjanse til hevda seg i teten i årets utgåve av etapperennet Tour de Ski, der han i fjor kom på andre plass. I laurdagens renn var han aldri blant dei fremste i sporet sjølv om han heldt fylgje med den store tetgruppa på vel 20 løparar.
Hans siste sjanse nå til eit godt resultat i Tour de Ski er siste etappe, opp alpinbakken i italienske Val di Fiemme. For eitt år sidan hadde skåneviksbuen i kanonform, beste tid opp monsterbakken. Det han har vist i årets utgåve av det prestisjetunge renner, tyder på at han kan greia denne bragda i 2015.
I samandraget er Jespersen nummer elleve, men 2,50 minutt bak leiande Northug. Med eit optimalt løp sundag kan topp fem vera realistisk.