Vindafjord kommune har fått 120.000 kroner til å leggje til rette for opplæring og gjennomføring av fagbrev for deltakarar som arbeider i barnehagane i kommunen. Det er Fylkesmannen i Rogaland som deler ut midlar til tiltak for å heve kompetansen for assistentar og dermed stimulere til at fleire ufaglærde i barnehagane tar fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Vindafjord kommune har søkt om midlar slik at ein kan gi støtte til assistentar som vil gjennomføre programfag og dermed få kompetanse til å ta fagprøva.