Måndag føremiddag hadde forsikringsselskapet Gjensidige åleine passert tusen skademeldingar som følgje av ekstremvêret «Nina», og talet er venta å auka kraftig i dagane framover. 75 prosent av skadane er frå Hordaland.
— Erfaringa frå tidlegare stormar av denne styrken tilseier at det vil ta fleire dagar før me har full oversikt, seier informasjonssjef Christian Haraldsen i Gjensidige.
Dei fleste skademeldingane gjeld bustader og andre bygningar, som har fått ulike skadar på grunn av vind eller vatn. Mange meldingar gjeld takstein eller takplater som er rive laus. Langs kysten har ein del naust blitt oversvømt på grunn av springflo og høye bølgjer.
Mange er framleis utan straum, og dersom dette held fram står mange kjøle- og frysevarer i fare for å bli øydelagt.
Ti småbåtar er meldt sokke på grunn av uvêret, og mange båtar har velta på opplagsplasser eller dei har fått øydelagt kalesjer. Rundt 50 bilar er så langt meldt skada etter å ha blitt treft av tre som har velta eller av lause gjenstandar som er tatt av vinden.
Foreløpig har 75 prosent av skademeldingane kome frå Hordaland, mens Rogaland står for ytterlegare 20 prosent. Dei aller fleste skadane har oppstått på kysten mellom Bergen og Stavanger.
Det er også meldt om skader i Agder-fylka, Vestfold, Telemark og Sogn og Fjordane.
— Me har mobilisert ekstra mannskaper for å handtera skademeldingane og bistå kundar med redningstiltak, men kundane må rekna med meir ventetid enn vanleg. Dei som kan bør registrera skader på internett, seier Haraldsen.