Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har oppretta sak etter at ein bil hamna utfor vegen i Vindafjord tidleg onsdag kveld. Til all hell blei ingen av dei tre personane i bilen som var involvert i utforkjøringa på Rv 746 ved Ølmedal, alvorleg skada. Dei blei likevel sendt til sjukehus.
Det er ikkje mistanke om promille. Det er Vindafjord lensmannskontor som skal fylgja opp saka.
Politiet kan førebels ikkje seia noko om årsaka til utforkjøringa, men det er meldt om svært glatte vegar i distriktet onsdag kveld. Spesielt E134 frå Ølensvåg og austover skal vera glatt. Politiet ber trafikantane kjøra forsiktig.