Chris Jespersen (31) hadde ingen god dag i sporet under tysdagens Tour de ski i sveitsiske Val Müstair. Skåneviksbuen var ikkje blant dei 30 raskaste i prologen og fekk dermed ikkje gå vidare i sprintcupen. Dermed mista Jespersen verdifulle poeng og tidsdifferansen til dei leiande aukar.
Sprinten gjekk i fristil og var tredje etappe i Tour de Ski 2015.
Etter tre av sju etappar ligg Jespersen på 25. plass heile 1.53,6 etter leiaren. I tet ligg Petter Northug jr. 0,25,1 min. føre fjorårsvinnar Martin Jonsrud Sundby.
Fjerde og femte etappe går i Toblach, Italia onsdag og torsdag, og her ventar først klassisk individuell start 10 km, og deretter 35 km jaktstart i fristil. Dette er Jespersen sin store sjanse til å ta innpå og i beste fall tetta luka til dei i teten før dei to avsluttande renna i Val di Fiemme laurdag og sundag.