Ingen av favorittane innfridde under sundagen verdscup i langrenn, 15 km friteknikk i Östersund. Norsk siger blei det likevel ved Finn Haagen Krogh som viste storform før verdsmeisterskapen i ski som startar i Falun torsdag. Krogh vann også laurdagens sprintrenn i Östersund.
Chris Jespersen som ikkje har gått renn sidan Tour de ski, enda eit stykke ned på resultatlista, og var heile 34,9 sekundar bak dagen vinnar. Det heldt likevel til ein tiandeplass.
Landslagsløparen frå Skånevik opna bra og låg på niande plass etter 3,3 km, men tapte tidsmessig mykje til dei beste utover i løpet.
Langrennet var det siste før VM, og spørsmålet er om Chris Jespersen får gå i Falun.
— Eit greitt løp, men er det godt nok til å gå distanseløp i VM? spurde NRK-kommentator Jann Post då Jespersen kom i mål.
Kamp om plassane
Under NRK si tv-sending var det stor fokus på kven som får gå 15 km friteknikk under VM. Kampen om plassen på VM-laget blir knalltøff og NRK-ekspert Morten Aa. Djupvik trur at Krogh får gå distansen.
Hans Christer Holund blei nummer fire i Östersund og nest beste nordmann, men er ikkje i VM-troppen.
Petter Northug (nummer 16 i dag) og Martin Johnsrud Sundby (nummer 12) er sikre kort på laget.
Dei siste plassane står truleg mellom Didrik Tønseth (6), Niklas Dyrhaug (7), Chris Jespersen (10), Anders Gløersen (11) og Sjur Røthe (23). Sistnemnde kan ha gått seg ut av VM-laget, mens det framleis verkar uavklart om dei siste plassane, meiner NRK.