Det er brann i eit hus like ved E134 aust for Ølen. Vitne på staden fortel til Grannar like før kl 13.00 at det er stor røykutvikling, men at det ikkje var synleg eld.
Politi, brannvesen og ambulanse er nå på staden, like aust for Hiksdalskrysset.
Då brannvesenet tok seg inn i huset frå verandaen stod flammane over hustaket og svart røyk velta ut.
Etter det Grannar erfarer var det ingen til stades i huset.