Dei tre kandidatane blir presenterte på den årlege Haugalandskonferansen som går av stabelen 6. mars i Haugesund, og vinnaren blir kåra same kveld, melder HIN på si nettside.
Ølen Betong AS er nasjonalt leiande innafor betongleveranse- og teknologi, og har hatt ei stor utvikling dei siste åra. Selskapet si forventa omsetning i fjor er 670 millionar kroner og resultatet ligg an til å bli betre enn året før, då omsetning var 582 millionar og resultatet 36 millionar.
Bedrifta med rundt 250 tilsette, blir presentert som solid, med stor vekst og stort framtidspotensiale. Heile ØB-gruppa omset for over 1,2 milliardar, har 430 tilsette og har gjennom oppkjøp auka frå fem til 22 produksjonsanlegg dei siste ti åra. Ølen Betong er også etablert i Murmansk, Russland.
For å vera aktuelt til å bli Årets bedrift i regionen må bedrifta ha sitt hovudsete på Haugalandet, ha eit godt økonomisk fundament og ei god økonomisk utvikling, og vera leiande og/eller nyskapande på sitt område. Den skal også vera aktiv som nettverksbyggar i regionen og vera ein god arbeidsplass og representant for næringslivet i regionen.
Juryen har bestått av Rolf Sjursen, Helge Seglem, Anne Kristin Helgeland, Alexander Urrang-Hauge, Anne Merete Haugen og Egil Severeide.
Tidlegere vinnarar:
2013: Østensjø Rederi
2012: Vassbakk & Stol
2011: Sysco
2010: Bremnes Seashore
2009: Westcon
2008: Knutsen OAS Shipping
2007: Kystdesign
2006: Solstad Offshore
2005: DeepOcean