Både i Etne og Vindafjord vart det felt færre dyr i 2014 enn året før. Det reiser spørsmål om korleis hjortestamma skal forvaltast i åra framover. Arkivfoto: Jon Edvardsen
Både i Etne og Vindafjord vart det felt færre dyr i 2014 enn året før. Det reiser spørsmål om korleis hjortestamma skal forvaltast i åra framover. Arkivfoto: Jon EdvardsenBilde 1 av 2
Bilde 2 av 2

Nedgang i stamma

Feller færre dyr.

Det minkar på hjorten både i Etne og Vindafjord, viser resultatet av jakta i fjor. Ein må tilbake til 2003 for å finne tilsvarande låge tal.

I 2014 vart det felt 652 dyr i Vindafjord og rundt 340 i Etne. I Etne er det tre mindre jaktvald som er langt på overtid med å sende inn fellingsresultatet, men det vil uansett bli små avvik frå det stipulerte talet.

Nedgangen skjer trass i at jakta varer lenger enn før.

Ser reduksjon

Toppåret for Etne i nyare tid er 2009 med 440 felte dyr, og tilsvarande for Vindafjord er det 2007 med 817 skotne dyr. Nedgangen i frå toppåret er dermed over 20 prosent i begge kommunane.

Samanlikna med jakta i 2013, er det 60 færre skotne dyr i Vindafjord og nedgang på 48 i Etne.

Kjem ein for lågt i stamma, er det tungt å få den opp igjen

Erling Lien i viltnemnda i Vindafjord er ikkje i tvil om at det har skjedd ei endring i hjortestamma i distriktet.

— Den er på ned, ingen tvil om det. Det såg vi året før også, og difor auka vi minstearealet for eit løyve enkelte plassar. Nedgangen er stor i nokre storvald og det er i ytre strok vi ser den største nedgangen, seier han.

Lokale forskjellar

I Vindafjord vart tildelte løyve kutta litt ned i fjor, men likevel gjekk fellingsprosenten ned til vel 67 prosent. Det tyder også på færre dyr dersom jakttrykket er det same.

— Området frå Fikse til Imsland er det godt med dyr, medan både Vats og Bjoahalvøya har stor nedgang. I mitt område på Hiksdal har vi nesten ikkje sett så mange dyr før. Det er store forskjellar, seier han.

Lien peikar på jaktpress og utskyting av stamdyr lokalt som nokre forklaringar på nedgangen og store forskjellar i dyr mellom ulike område. Han meiner hjorten også er sosial slik at nedgang kan forsterke seg.

Men det forklarar ikkje at det er ein klar forskjell mellom ytre og indre del av kommunen. Viltrådgivar Gitte Halvorsen meiner det ikkje er alt det er så lett å finne gode forklaringar på.

— Når det blir færre dyr, er det ikkje så unaturleg å tenkje seg at hjorten trekkjer til dei ekstra frodige dalføra. Hjorten er selektiv på fôret, seier ho.

Varsla utfall i Etne

I Etne var det i 2013 ein litt oppheta diskusjon om korleis det står til med hjortestamma, og det resulterte i eit relativt kraftig kutt i tildelte dyr, frå 541 i 2013 til 451 året etter. Nedgangen i felte dyr var dermed eit varsla utfall som viltnemnda ville ha. Fellingsprosenten i Etne har ikkje gått tilsvarande ned som i nabokommunen.

— Nedgang i felte dyr er som forventa sidan det var færre løyve i fjor. Kombinert med at det er meir rett avskyting og ingen frie dyr lenger, er resultatet venta. Nedgang er det, men det er framleis rikeleg med dyr, og ein god del skade for jordbruket, seier John Kåre Opheim, leiar i viltnemnda i Etne.

Bekymringa for hjortestamma i enkelte leirar førte til at tildelte dyr vart redusert med 22 prosent på to år, med 127 dyr.

Ta ansvar

— Eg trur tildelinga vi har no kan fungere framover. Eg trur ikkje det er behov for å gå ytterlegare ned. Det er ingen andre i det interkommunale hjorteutvalet som har redusert tilsvarande. Vi skal diskutere det i viltnemnda, men personleg meiner eg vi skal prøve oss på nivået vi er på, seier Opheim.

I område som tidlegare vart omtala som tømt for hjort, har han fått rapportar om at det blir sett mange dyr. Men også i Etne er det forskjellar geografisk, men det er ikkje lokale forskjellar i tildeling, med unntak for dei som har fått fleire løyve på grunn av skadar.

— Eg ser at grunneigarar tar eit ansvar ved å la vere å skyte koller og færre dyr enn dei får. Dersom fleire kan ta omsyn til kor mykje dyr det faktisk er i valdet, er det den beste og enklaste måten å drive forvaltning på, seier Opheim.

— Må tole mindre kvote

Leiar Erling Lien i Vindafjord viltnemnd meiner deler av kommunen må tole nedgang i tildelt kvote for hjort. På fagspråket heiter det at minstearealet blir auka. Det er konsekvensen av at det blir felt færre dyr i Vindafjord.

— Grunneigarar må nok finne seg i det. Kjem ein for lågt i stamma, er det tungt å få den opp igjen. Det kan bety at hjorten blir vekke frå enkelte område i kommunen, seier Lien.

Den varsla justeringa er ikkje vedtatt, men blir ei sak for viltnemnda som skal fastsetje dyr for valda for jakta til hausten.

— Det var eit mål for forvaltninga å skyte seg ned på eit lågare nivå, men no trur eg ikkje vi kan gå lenger ned, seier han.

Sterkare lut

Det betyr sterkare lut med færre løyve i enkelte område, og Vats, Skjold, Vikebygd og Bjoahalvøya, er områda som blir vurdert nøye for å unngå ytterlegare reduksjon i talet på dyr.

Enkelte område i Vats, som Blikrabygda og Eikelandsmyrane hadde rikeleg med dyr før, men no er situasjonen snudd.

Ser ein i litt lenger perspektiv, har talet på felte dyr gått opp det meste av 2000-talet for deretter å nå eit vendepunkt.

Hjort – felte dyr 1997-2014

  Etne Vindafjord
1997 530
1998 566
1999 262 582
2000 273 605
2001 272 638
2002 307 655
2003 323 720
2004 331 753
2005 383 785
2006 333 803
2007 347 817
2008 419 772
2009 440 807
2010 394 777
2011 410 757
2012 435 758
2013 388 712
2014 340 652