På ein pressekonferanse i Haugesund onsdag føremiddag presenterte dei to store regionale kraftselskapa, Haugaland Kraft AS og Sunnhordland Kraftlag AS planar om å vidareutvikla drifta gjennom omstrukturering og bytehandel. Styra i dei to selskapa vedtok kvelden før å arbeida fram ein avtale om å omstrukturera selskapa gjennom kjøp og sal av forretningsområde.
Reindyrking, spissing og fokus på kjerneområda vil vera med på å få fram potensiale til å skapa langsiktige verdia
I praksis vil dette innebera eit betydelig bytte av aktiva kor SKL si verksemd innan nett og marknad blir seld til Haugaland Kraft, medan SKL overtar Haugaland Kraft si produksjonsverksemd innan kraft.
Behov for endringar
I ei felles pressemelding heiter det at begge selskapa har hatt god utvikling dei seinare år og har skapt betydelige resultat for sine eigarar.
— Behovet for å gjera strukturelle endringar er nødvendig for å sikra vidare vekst, uttaler styreleiar i Haugaland Kraft, Didrik Ferkingstad. Reindyrking, spissing og fokus på kjerneverksemder blir viktig framover for å sikra strategien til selskapa om fortsatt vekst og utvikling.
Styreleiar i SKL AS, Atle Neteland Selskapa viser til at kraftbransjen står over for store strukturelle endringar, og at behovet for investeringar i nett og produksjon er stor dei kommande år.
— Dei strukturelle endringane vil sikra og kvalitetsforbetra beståande produksjon i SKL, samtidig som det vil gi muligheiter for ny produksjon og utbygging, seier han i pressemeldinga.
Begge selskap har vore viktige for utviklinga av regionen og eigarskapet til selskapa vil fortsatt vera regionalt forankra.
— Reindyrking, spissing og fokus på kjerneområda vil vera med på å få fram potensiale til å skapa langsiktige verdiar, sikra og utvikla arbeidsplassar og gi kundane best mulig produkt og tenester til konkurransedyktige prisar, heiter det.
Rask prosess
Omstruktureringa av selskapa er planlagt gjennomført i løpet av 2015 med atterhald om godkjenning av styre og eigarar i begge selskap.
SKL har Haugaland Kraft som største eigar (40,4 prosent), BKK i Bergen kontrollerer 33,4 prosent, medan resten av aksjane er fordelte på mindre kraftselskap i Sunnhordland, blant anna Skånevik Ølen Kraftlag (SØK), og Stord kommune.
Haugaland Kraft AS er eigd av sju kommunar på Haugalandet, med Karmøy og Haugesund som dei største. Vindafjord kommune eig ein mindre aksjepost.
Begge selskapa har over éin milliard i omsetning. Det er rundt 260 tilsette Haugaland Kraft, medan SKL har 122 tilsette.
Grannar kjem attende med meir om saka i torsdagens avis.