Mari Klokkerstuen Kjellesvik (20) frå Etne blei i helga valt til ny leiar i AUF i Hordaland. Over 70 AUF-arar frå heile fylket deltok på årsmøtet som gjekk over to dagar i Bergen.
Det er eit fortveksande fylkeslag Klokkerstuen Kjellesvik skal leia. 20-åringen som tok over vervet etter Øystein Hassel, bur i Bergen der ho studerer tysk.
— Eg er audmjuk og stolt for å nå ta over vervet som leiar i det største AUF-laget på Vestlandet. AUF i Hordaland har det siste året auka med over 33 prosent i medlemstal og er rekordstore med heile 1.101 medlemmar, uttaler den ferske fylkesleiaren
Med seg i det nye fylkesstyret får Klokkerstuen Kjellesvik med seg Emil Gadolin, Sandra Kristin Austgulen, Øyvind Hartveit, Stian Jean Opedal Davies, Ronja Breisnes, Benjamin Jakobsen, Ragnhild Eilertsen og Emil Tomasgard.