Han reiste frå Ølensvåg for vel ein time sidan med ein av trailerane som fraktar kjøt for Fatland Ølen AS. Bak rattet er Inge Fatland som skal vise statssekretæren korleis det kan vere for eit næringsliv som er avhengig av europavegen mellom aust og vest.
Hoksrud og samferdsleminister Kjetil Solvik-Olsen (Frp) prøvekøyrer alle dei fire fjellovergangane mellom aust og vest som Statens vegvesen har vurdert for å finne dei to hovudsambanda mellom Vestlandet og Austlandet.
Medan Solvik-Olsen var på veg til kolonnekøyring over Hardangervidda, var Hoksrud klar for den første etappen over fjellet på E134.
Så langt er det fri ferdsel over Haukeli, men Meteorologisk Institutt har sendt ut obs-varsel for fjellet i heile Sør-Noreg.
— Det er skummelt vêrvarsel, men vi får sjå kva naturkreftene er, og oppleve dei utfordringane transportørane har. Det gir eit godt utgangspunkt for å vurdere dei ulike alternativa vi har mellom aust og vest, seier Hoksrud.
Les meir i pairutgåva på torsdag.