Uriah Heep er eitt av banda som kjem til årets Bluesfestival i Skånevik. Pressefoto
Uriah Heep er eitt av banda som kjem til årets Bluesfestival i Skånevik. Pressefoto

Uriah Heep til Skånevik Blues

Skånevik Bluesfestival publiserte i dag ti namn til årets festival

Uriah Heep er eitt av namna som blei presenterte til årets bluesfestival, og det britiske bandet med røter i London hadde ei historisk tid på 70-talet.

— Mange har eit forhold til dette bandet og det er berre å til å byrja å gle seg, seier sjefen sjølv, Alf Warloe Christophersen.

Grammynominert

Eit anna stort namn som blir å høyra i juli er den amerikanske blueslegenda Bobby Rush som i år kan skilta med Grammy-nominasjon. Den 81-år gamle musikaren har besøkt Skånevik Bluesfestival tidlegare, og ein artist med så mange prisar på merittlista si er eit stort namn å få til Skånevik.

Her er namna som så langt er presentert:

  • Shawn Hold and the teardrops
  • Killer Queen Experience
  • Eric Slim Zahl & the soutwest swingers
  • Tiebreaker
  • MK´s Marvellous Medicine
  • Bjørn Berge
  • Gina Aspenes
  • Admiral P

Les meir i Grannar si måndagsutgåve