Kjøpte tilbake Miljøbase

AF Gruppen har kjøpt tilbake aksjane i Miljøbase Vats AS slik at konsernet eig 99,9 prosent av selskapet. Det er Miljøbase Vats AS som disponerer det store industriarealet på Raunes, og AF Decom Offshore AS som har aktiviteten på anlegget, leiger arealet.

Tidlegare eigde AF selskapet, men selde majoriteten av aksjane til aksjonærar i konsernet. Forklaringa var at AF ville frigjere kapital i eit anlegg det er investert over 600 millionar kroner i. Det førte til at AF Decom Offshore AS betalte nesten 50 millionar kroner i året i leige til Miljøbase Vats AS. AF kjøpte så tilbake aksjane frå 60 aksjonærar i selskapet, truleg mest fordi Miljøbase Vats kjøpte arealet på Raunes av Vindafjord kommune.

Når aksjonærar i konsernet eigde Miljøbase Vats, kunne det også framstå som om dei dreiv butikk i butikken, og at selskapet og konsernet kunne få motstridande interesser.