Lasse Asbjørn Tvedt markerer seg stadig med besetning med høg mjølkeproduksjon. Foto: Bondeblandet
Lasse Asbjørn Tvedt markerer seg stadig med besetning med høg mjølkeproduksjon. Foto: Bondeblandet

Meisterleg produktiv

Lasse Asbjørn Tvedt kan skryta av å ha besetning med høgaste mjølkeyting i heile landet i 2014.

I førre veke kunne du i Grannar lesa om Gamlo frå Sandeid, som er ei av landets mest produktive kyr med over 100 tonn på samvitet. Same dag presenterte norsklandbruk.no resultat av fjorårets produksjon av energikorrigert mjølk (EKM). Totalt 16 mjølkeprodusentar i landet hadde yting på over 11.000 kilo EMK i snitt per dyr, og heilt på topp låg bonden på Bjoa med 11.960 kilo.

har vore inne på topp ti i fire år på rad, så det stas å hamna heilt på topp

Då Norsk Landbruk ringte den produktive mjølkeprodusenten, var det berre éin time sidan han var i postkassa og fann nyhendet.

— Det har vore eit svært utfordrande fôrår, så eg blei ganske overraska, men det er veldig morosamt. Eg har vore inne på topp ti i fire år på rad, så det stas å hamna heilt på topp, seier Lasse Asbjørn Tvedt.

Nøkkel

Bonden på Bjoa har 17 årskyr og mjølk som hovudfokus på garden. God fôring er nøkkelen til høg produksjon. Grovfôret blir tildelt ved hjelp av skinnegåande appetittfôringsvogn som går døgnet rundt. Kraftfôret får kyrne i automatar, som eigentleg er laga til gris, seks gonger i døgnet. Heile sommaren går dyra på beite.

Ved sida av fôring trekkjer han fram avl som hovudårsak til dei gode resultata. I fjor kom veksten så tidlig i gang at Tvedt kunne ta tre slåttar. Første og andre slått blei tatt tidleg, og tredje slått blei også grei. Han blei likevel sjokkert då han fekk resultatet frå grovfôranalysane som viste at ein stor del av fôret var ufordøyeleg fiber.

Tvedt hadde lenge NRF og SRB i fjøset, men for nokre år sidan starta han å krysse inn Holstein. Nå er to tredjedelar av besetningen raud, mens ein tredjedel er halvkryssingar mellom raudt og Holstein.

— Blandingane er fantastisk fine dyr med godt eksteriør. Juret er betydelig betre enn på NRF. Det er behageleg å kunna sitja på ein krakk å mjølka framfor å måtte sitja på knea, seier bonden til norsklandbruk.no.