To personar blei sende til legevakt med mindre skadar etter eit uhell på fylkesveg 543 mellom Bjoa og Ølensvåg måndag morgon. Dei køyrde kvar sin bil, og det var då den eine køyrde forbi den andre at uhellet skjedde. Bilen som køyrde forbi kom borti den andre og han som skulle forbi hamna i grøfta. Sjåførane er fødde i høvesvis 1977 og 1996.
Bilane skal ha fått betydelege materielle skadar. Politiet blei varsla om hendinga klokka 06.55.
— Det er oppretta sak, og det kjem truleg ein reaksjon forbindelse med det, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.