Bilbrann i Nedre Vats

Like før klokka 11.30 måndag fekk politiet melding om ein bilbrann i Nedre Vats, om lag 500 meter inn på vegen mot Åmsosen.

Sjåføren, ein mann i 20-åra, var aleine i bilen då han merka at noko var gale. Han fekk stansa bilen og kom seg ut før flammane tok tak.

— Det var ein eldre bil. Den blir taua vekk og skal undersøkast for å finne ut kva som har skjedd, opplys lensmann Ingvar Gjærde.