Jaa9 & OnkelP kjem til Vikedal Roots Music festival i juli. Pressefoto
Jaa9 & OnkelP kjem til Vikedal Roots Music festival i juli. Pressefoto

Fleire namn til Rootsen

Vikedal Roots Music Festival presenterte nyleg tre nye namn og fleire namn blir presentert seinare i veka. Mellom anna kjem Jaa9 & OnkelP. Dei stammar frå eit rapkollektiv kalla Dirty Oppland på Lillehammer og har mellom anna kjempehittane «Kjendisparty», «Glir forbi» og «Partysvenske» på samvitet. Nytt album er like rundt hjørnet og singelen «Alt på stell» er hyppig spelt på radio om dagen. Hausten 2014 fekk OnkelP ein monsterhit med singelen «Styggen på ryggen» med OnkelP og de fjerne slektningene. Han gjorde også ein god figur i TV-programmet Hver gang vi møtes.

«Blågras på Skrindo»

Tove Bøygard slepte hausten 2013 «Blågras på Skrindo», som også blei nominert til Spellemannsprisen, og på same tid drog ho på turne i saman med Jonas Fjeld & Chatham Country Line. 2014 brukte Bøygard på å skriva nye låtar til sitt kommande soloalbum og i desse dagar slepp ho den første singelen, som har fått namnet «Ta meg med».

 Klingande jærdialekt

Hilde Selvikvåg debuterte tidlegare i år med albumet «Slepp meg fri» og heile albumet syng ho på klingande jærdialekt, produsert av Vamp-medlem Odin Staveland. Albumet har fått strålande mottaking med terningkast som landar på fem prikkar. Selvikvåg er svært aktiv om dagen med tett konsertprogram.

Når årets rootsfestival går av stabelen 16. – 19.juli, får ein høyra alle desse artistane frå scenen.