Les ikkje skatten

Det er to dagar til fristen for levering av sjølvmeldinga går ut og mange har enno ikkje lese sjølvmeldinga si. Mange av dei risikerer å betala for mykje i skatt.

Nytt i år er at dei fleste lønnstakarar og pensjonistar berre har fått sjølvmeldinga si elektronisk. Skatteetaten har førehandsutfylt sjølvmeldinga for alle med dei opplysningane dei har om økonomien til kvar enkelt skattepliktige person, men det er framleis like viktig som tidlegare å sjekka at opplysningane er korrekte og fullstendige.

— Me oppmodar alle til å bruka tid på å lesa og sjekke sjølvmeldinga si slik at ein ikkje betalar for mykje i skatt eller går glipp av frådrag, oppmodar Trude Husevåg, avdelingsdirektør i Skatteetaten.

Om ein ikkje har endringar eller nye opplysningar ein må legge til, treng ein heller ikkje levere sjølvmeldinga.