Russ hadde «kontroll»

Onsdag føremiddag fekk politiet melding om at russ hadde stilt seg opp ved E134 i Ølen og simulert trafikkontroll. Det er ikkje lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor særskilt imponert over. Dei var borte då politiet kom, men Gjærde er klar i sin tale. — Det er strengt forbode.

Det er berre politiet som har anledning til å utføre kontrollar, seier han. Gjærde legg til at dei har dialog med russen om kva som er lov og ikkje av ymse aktivitetar. — Men det er alltid nokon utskot som finn på slikt som dette. Dei risikerer bøtelegging om dei bli oppdaga, og det er det ikkje verd for dei det gjeld, meiner lensmannen.