Russ hadde «kontroll»

Onsdag føremiddag fekk politiet melding om at russ hadde stilt seg opp ved E134 i Ølen og simulert trafikkontroll. Det er ikkje lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor særskilt imponert over.

— Det er strengt forboden. Det er berre politiet som har anledning til å utføre kontroller, seier han.

Gjærde legg til at politiet har god dialog med russen om kva som er lov og ikkje av ymse aktivitetar.

— Men det er alltid nokon utskot som finn på slikt som dette. Dei risikerer bøteleggelese om dei bli oppdaga, og det er det ikkje verd for den det gjeld, meiner lensmannen.