Udramatisk brann

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt meldte seint torsdag kveld om brannutrykking i Skjold i Vindafjord. Brannvesenet og andre naudetatar rykte ut til staden der ein einebustad på Liaheia var ramma av brann. Det var ikkje folk inne i huset som ligg i nærleiken av Lie friluftsområde, og dermed ingen personskade.

Politiet opplyser i etterkant at brannen oppstod i kjellaren, truleg frå ein frysar. Det var mykje røyk på staden, men lite open eld.