Etne har heng på topplaga etter nok ein siger i fotballens 5. divisjon herrar. Fredag var Falkeid på besøk på Etne stadion der heimelaget spela ein god første omgang og leia heile 3-0 før dommar Tony Liestøl frå Haugar blåste av for pause.
Etter sidebytte var spelet jamnare og kampen ebba ut med 4-1 til vertane. Det var to unge spelarar som stod Etne sine mål. Kristoffer Grønstad ordna 1-0 etter 17. minutt. Åsmund Norheim stod for 2-0 ni minuttar seinare, før Grønstad sette sitt andre for dagen etter vel ein halv time. Då Norheim auka leiinga i det 53. minuttet, var kampen avgjort sjølv om motstandaren frå Tysvær reduserte like etter.
Nytt Skånevik-tap
Same ettermiddag var Skånevik i aksjon borte mot Leirvik. Resultatet blei 4-3 til heimelaget.Skånevik sine mål kom ved Torstein Funderud, Ove Straumsøy og Martin Kristiansen. Det nyopprykka 5. divisjonslaget har til gode å vinna i årets serie, og står med eitt poeng og jumboplass etter seks serierundar.
Etne og Ølen har båe ti poeng som gir tredje og fjerde plass på tabellen, fem poeng bak Sauda og Stegaberg på topp.