Omtrent halvparten av Norges kommunar vil før sommaren få 4G+ frå Telenor. — Dette vil gi ein drastisk auke i både kapasitet og hastighet, seier Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge, her saman med Berit Svendsen, administrerande direktør i Telenor Norge under G4+-lansering i Barcelona. Foto: Telenor
Omtrent halvparten av Norges kommunar vil før sommaren få 4G+ frå Telenor. — Dette vil gi ein drastisk auke i både kapasitet og hastighet, seier Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge, her saman med Berit Svendsen, administrerande direktør i Telenor Norge under G4+-lansering i Barcelona. Foto: Telenor

Nå kjem 4G+-dekning

Telenor oppgraderer 4G-mobildekningen, og nyleg blei tidenes raskaste mobile breiband, 4G+ aktivert i både Etne og Vindafjord.

Telenor gjennomfører ei omfattande utbygging og oppdatering av fjerde generasjons mobilnett (4G) i Noreg. I løpet av 2015 skal 95 prosent av befolkninga ha tilgang til 4G frå Telenor, i tillegg til at tenesta 4G+ blir lansert i heile landet.

Me byggjer ut mobilnettet raskare enn me tidlegare har estimert

— Dagens raske utvikling med smarttelefonar og nettbrett stiller auka krav til mobilnettet, og med 4G tar me eit viktig steg mot auka kapasitet, høgare hastigheiter og betre surfeopplevingar, seier Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge.

Etne og Ølen først

I Etne dekker signala på 4G+ blant anna Etne Skakkesenter og bustadområdet rundt, mens i Vindafjord gir 4G+ dekning i Ølen sentrum, samt langs E134 og Rv. 514.

 — Me byggjer minst to frekvensar for å både gi skikkeleg innandørsdekning (800 MHZ) og hastigheit/kapasitet (1800 MHz), supplert med 2600 MHz der det trengs, fortset Amundsen.


4G-utbygginga medfører at Telenor kan levera mobil breibanddekning over større område og dermed gi mobildekning til fleire, samtidig som det gir mykje betre dekning innandørs for private hushald og på arbeidsplassane. 

300 Mbit/s

— Oppgraderinga til 4G+ inneber at Telenor kombinerer fleire 4G-frekvensar, som vil gi ein drastisk auke i både kapasitet og hastigheit for kundane. Sjølv om 4G+ vil gi teoretiske datahastigheiter på opptil 300 Mbit/s, er det viktig å påpeka at denne oppgraderinga vil frigjera ressursar i 4G-nettet. Det betyr at også de kundane med 4G-telefonar får stor glede av 4G+, seier dekningsdirektøren.

Symbolet 4G+ vil visast på skjermen til mange av mobilane som støttar løysinga.

— Etter grundig testing fleire stader, er me nå klare for å rulla ut 4G+ massivt i heile Noreg. Ingen skal vere i tvil om at Telenor skal levera den beste dekninga i marknaden. 4G+ vil kunna gi surfehastigheiter opp mot 300 Mbit/s. Og her går me offensivt fram, det meste av vårt 4G-nett skal oppgraderast med teknologien, og alt i første halvår i 2017 vil jobben vera gjennomført. Både i byane og i distrikta skal våre kundar få oppleva dette store dekningsløftet, seier Bjørn Amundsen. 

Alle kommunar får 4G i 2016

— Me byggjer ut mobilnettet raskare enn me tidlegare har estimert. I juni i år anslår me at ni av ti nordmenn har tilgang til 4G over vårt mobilnett, mens me innan utgangen av året vil vera helt oppe på 95 prosent. Dette er to år før opphavleg plan, seier Amundsen.