Camilla Aune (14), Amalie Grindheim (15), Peder Kaldheim (14) og Anders Grindheim Hansen (14), klar til konfirmasjon i Etne kyrkje.
Camilla Aune (14), Amalie Grindheim (15), Peder Kaldheim (14) og Anders Grindheim Hansen (14), klar til konfirmasjon i Etne kyrkje.

Nesten vaksen

Gleder seg til den store festen

Etter eitt år med førebuing, konfirmasjonsleir og mykje moro saman er tida komen for den store konfirmasjonsdagen. Dagen som fører dei unge over i dei vaksne sine rekkjer.

— Nå startar vaksenlivet, seier 14 år gamle Camilla Aune frå Etne og gjer seg klar til konfirmasjonsgudstenesta i Etne kyrkje denne vakre maidagen.

— Frå ungdomstid går me nå over til å bli vaksen, seier ho.

Læra om livet

Konfirmantførebuing består ikkje berre i å få bunaden klar i tide, eller gjestelista på plass. Det handlar om å læra om livet.

— Me har hatt konfirmasjonstimar der me har snakka om Gud og slikt. Og så har me samla inn pengar til Kirkens nødhjelp for å skaffa reint vatn til folk som treng det. Me har fått innblikk i korleis livet er for andre enn oss sjølve, seier Camilla Aune.

— Og så ha me vore på leir og møtt masse folk. Det har vore kjekt, skyt venninna Amalie Grindheim inn før presten kallar ungdommane inn til seremonien som skal ta dei over i dei vaksne sine rekkjer.

Familiefest

Og etterpå ventar den store familiefesten. Med god mat og ei triveleg stund saman med familie og vener.

— Eg gleder meg aller mest til å sjå heile familien. Det blir det kjekkaste i dag. Og til middag skal me ha thaimat. Det blir kjempegodt, seier Camilla med eit smil.