Skånevik Bluesfestival kan skilta med nok ein godt og kjært namn. Det britiske rockebandet The Sweet er klar for festivalen, og vil varta opp med kjente låtar på rekkje og rad. Fredag 3. juli inntar bandet scenen.
Britiske Sweet blei danna i 1968, og blei populære på 1970-talet som eit av dei leiande banda innan glamrock med låtar som «Litte Willy», «Wig WamBam», Block Buster», «Hell Raiser, «Fox on the Rune», «Funny Fynny» og mange fleire. Før det hadde dei gitt ut «Funny Funny« og «Co Co». Seinare gjekk bandet over til hardrock og gav ut singlar som «Turn It Down».
Bandet blei oppløyst i 1982, men «gjenoppstod» i fleire forskjellige versjonar på 80- og 90-talet. Dagens Sweet består av Pete Lincoln – vokal og bass, Bruce Devereaux – trommer og vokal, Tony O’Hora – gitar, tastatur og vokal og Andy Scott – gitar og vokal.