100 øydelagde nøklar

Fredag var det oppdaga at nokon har knekt mange av nøklane til garderobeskapa på kulturhuset i Etne.

— Det kan ha skjedd for ei tid sidan, men det vart oppdaga og anmeldt fredag, opplyser lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

Dagleg leiar Morten Øglend ved Skakkesenteret opplyser at det er snakk om over 100 nøklar i guttegarderoben.

— Det dreier seg om 10 skap med 10 oppbevaringsboksar i kvart skap. Knekte nøklar står igjen inne i låsen, opplyser Øglend som trur hærverket kan ha skjedd rundt midten av november.

— Oppbevaringsboksane har nok ikkje vore så mykje i bruk sidan det vart oppdaga så seint, seier han. Rommet det boksane står er ikkje avstengd, slik at kven som helst kan ha teke seg inn.

— Me har diskutert om me nå skal ha døra frå hallen låst også under trening, seier han.