Varmgang i rundballepresse

Naudetatane fekk melding om brann i ei rundballepresse i Sandeid onsdag føremiddag. Politi og brannvesen rykka ut. — Det er snakk om varmgang og kun brann i noko gras. Det oppsto ingen skade, og me har ikkje oppretta sak på hendinga, seier politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.