Branntilløp og bråtebrenning

Fleire utrykkingar til Vikebygd.

Fredag måtte brannvesenet ta turen til Vikebygd to gonger. Første gong på morgonkvisten då nokon hadde tørka klede på omnen.

— Det er ikkje lurt, då tek det fyr, slår lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor fast.

Huset vart berga, men det var noko røykutvikling. Også seinare på dagen gjekk alarmen i Vindafjord. Men det viste seg at det berre var snakk om bråtebrenning.