Romsaøyane sett mot vest. Foto: Arne Frøkedal
Friluftsrådet Vest har sett i gang uttak av tømmer på øygruppa Romsa. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Mange område trekt fram

Kåringa av det mest attraktive friluftsområdet eller turmålet i Vindafjord og Etne, har engasjert mange.

I samband med Friluftslivet år, og etter oppmoding frå miljøminister Tine Sundtoft, vil Grannar i samarbeid med Etne og Vindafjord kommunar kåra det mest attraktive friluftsområdet i kvar av kommunane. Det er lesarane og innbyggjarane som bestemmer, og voteringa som er nettbasert, finn du på grannar.no, eller via kommunane sine Facebook-sider.

Etter éi veke med avstemming, er det kome inn mange forslag, men førebels er det ikkje nokre bestemte område som skil seg vesentleg ut, så her er det berre å engasjera seg og sørgja for at din favoritt går av med sigeren.

Avstemminga viser at dei to kommunane har eit rikhaldig omfang av populære og flotte utfartsområde, og så langt er kome inn stemmer på over 20 område i Etne og Vindafjord.

Deltakarane kan gjerne skriva nokre ord om sitt foreslåtte område og senda inn bilde av det.

Kåring friluftslivområde

Felt merka med stjerne* må fyllast ut