Dei innsamla pengane går til misjonsarbeid i Japan. I tillegg fekk skulen ein sjekk på 60.000 kroner, øyremerket miljøtiltak ved den kristne internatskulen i Ølensvåg. Totalbeløpet på 1.060.000 kroner, er ny rekord for Lundeneset-russen.
— Eg er stolt over kva me har fått til. Folk har stått på og jobba, både kvar for seg og i lag. Me har opplevd godt samhald dette skuleåret. Dessutan synest eg det er kult at russ kan vera med og gjera noko nyttig. Me har samla inn mykje pengar som går til ei god sak, seier avtroppande russepresident Torstein Stuhaug frå Sandeid.
Pengane russen har samla inn går til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sitt arbeid i Japan, og skal nyttast til utdanning, kyrkjelydsarbeid, barne- og ungdomsarbeid, og radio- og medieevangelisering.
— I løpet av året har me arrangert mykje, men misjonsløp og basar har vore dei største inntektskjeldene, avsluttar prosjektsjef i russen, Anne Viste.