Norsk forskningsetisk komité for naturvitenskap og teknologi ser nærare på NIVA si rolle knytt til oppdraget hos AF Decom i Vats. 
ARKIVFOTO
Norsk forskningsetisk komité for naturvitenskap og teknologi ser nærare på NIVA si rolle knytt til oppdraget hos AF Decom i Vats. ARKIVFOTO

Sanner seier ja

Ikkje uventa opnar regjeringspartia fjordområdet utafor Raunes i Vats, som industriområde.

— Me lyttar til kommunen sitt ønske om å legga til rette for arbeidsplassar og verdiskapning i Vindafjord, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding onsdag morgon.

Trossa motsegner

I dag gir Sanner gjenvinningsanlegget til AF Offshore Decom løyve til å seksjonera brukte oljeinstallasjonar i Vatsfjorden og Yrkesfjorden i.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner detaljregulering for Vats- og Yrkesfjorden i Vindafjord kommune. Fylkesmannen i Rogaland og Fiskeridirektoratet region sør har hatt motsegner til planen med grunngjeving i naturverdiar og fiskeriinteresser, men desse blir ikkje tatt til følgje.

Me ønskjer vekst og verdiskapning i heile lande

— Me må legga til rette for at fjerning av oljeinstallasjonar kan skje i Noreg, på ein miljøvennlig måte og til konkurransedyktige vilkår. Med dette vedtaket sikrar me minst 50 norske arbeidsplasser, uttaler Sanner.

— Miljøsikkert

Ifølgje Vindafjord kommunen si saksbehandling er miljøbasen blant dei mest avanserte og miljøsikre anlegga for gjenvinning av offshoreinstallasjonar i Europa, heiter det vidare i pressemeldinga frå statsråden.

Kommunen vedtok detaljreguleringa av Vats- og Yrkesfjorden i juni i 2014. AF Decom ønskjer å nytte området til oppdeling av utrangerte oljeinstallasjonar. Hovudverksemda til bedrifta i Vatsfjorden er demontering og gjenvinning av petroleumsinstallasjonar. Det er alt investert omlag 600 millionar kroner i miljøbasen og det er etablert eit miljøovervakningsprogram for aktiviteten.

— Me ønskjer vekst og verdiskapning i heile landet, og meiner denne næringa må ha forutsigbare rammer. Ei rekkje oljeinstallasjonar er planlagt fjerna frå Nordsjøen i næraste tid og dette kan vera viktige arbeidsplassar i Noreg, seier Sanner.

Vilkår

Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har gitt grønt lys til planforslaget. Miljødirektoratet meiner at det ikkje er risiko for forureining.

Eit viktig vilkår for løyvet er at bedrifta ivaretar miljøomsyn, tryggleik for sjømat og brei deltaking i forbindelse med miljøovervakingsprogrammet. Derfor er det gjort ein del innstrammingar og presiseringar i reguleringsvedtektene.

Konkret betyr det at verksemda må avgrensa sin aktivitet i gyteperioden. Det blir også sett avgrensingar på talet på oljeinstallasjonar som kan seksjonerast og kor lenge dei får ligga i fjorden. Mattilsynet og Fiskeridirektoratet må involverast i arbeidet med miljøovervakinga.