To pusar som har funne seg ein god gøymeplass i skuggen. Foto: Bjarne Ljusnes
To pusar som har funne seg ein god gøymeplass i skuggen. Foto: Bjarne Ljusnes

Send inn sommarbiletet ditt

I dagens avis kan du sjå det første biletet som blei kåra til vekevinnar i år. Send inn ditt bilete og bli med i konkurransen.

Grannar sin fotokonkurranse som går av stabelen kvar sommar har vist seg å vera ein populær konkurranse. Mange flotte bilete har kome inn og har blitt publisert for lesarane våre. Kvar veke framover kjem ein jury til å velja ut dei tre beste bileta og rangera dei frå første til tredje plass. Alle vekevinnarane går vidare til ein finale, der vinnaren av årets sommarbilete får eit gåvekort på 2.000 kroner, i ein valfri butikk i Grannardistriktet.

Du kan senda inn ditt bidrag på to måtar:

e-post: foto@grannar.no

MMS:  975 70 789

Merk bidraget ditt med «Sommarbiletet 2015» og skriv litt om motivet på biletet, kven som er avbilda og namnet på fotografen.

Hugs å oppgi fullt namn og adresse når du sender inn.