Velta med maursyre

Like etter klokka 12 laurdag meldte politiet at ein traktorhengar med maursyre hadde velta på brua over Vikedalselva på fylkesveg 46 i Vikedal.

Ein frykta først at det skulle lekke frå lasta, og ein ville ikkje sleppe trafikk over då eventuell syre i vegbana kunne gjere skade bildekk.

Då brannvesenet kom til kunne ein snart konstatere at det ikkje lakk i frå behaldarane, og vegen kunne snart opnas igjen.