Tre mista lappen

Fire forenkla førelegg og eitt inndrege førarkort var resultatet då UP hadde laserkontroll i 60-sona på E134 i Øvre Vats torsdag ettermiddag. Høgast fart var 88 km/t og denne sjåføren får eit etterspel med ordensmakta. Kontrollen vart halden mellom kl.17.30 og 18.45.

Tidlegare på dagen hadde UP kontroll i 80-sona på Fv. 46 aust for Ropeid. Her vart sju fartssyndarar tatt; fem bøter og to anmeldt med beslag av førarkort. Høgast fart blei målt til heile 127km/t.