Politiet rykte ut i Ølen natt til onsdag etter tips om ein bil med campingvogn som kjørte aktlaust og fort innover E134 frå Haugesund. Bilføraren, ein mann i i 30-årsalderen, blei stansa i Ølen. Det viste seg at han ikkje hadde førarkort for bil med denne type slep. Vedkomande er anmeldt og campingvogna måtte setjast igjen på staden.