Politiet fekk melding om eit trafikkuhell på fv. 46 ved Hogganvik i Vindafjord måndag rundt kl. 06.00. Det var ein minibuss med åtte polske arbeidarar i på veg til arbeid på Sandsfjord bru som kjørte i fjellvegen. Bilen blei liggjande utanfor vegen. Konstituert lensmann i Vindafjord, Arild Austrheim opplyser at sjåføren har forklart at det kom noko i vegen, muligens vilt, som kan vera årsaka til ulykka. Tre av dei åtte blei lettare skadd.