Ikkje heilt som politiet trudde

Politiet hadde mistanke om promillekøyring og sendte ein patrulje til Vikedal måndag ettermiddag. Men det viste seg at det var ei anna forklaring på dei tilsynelatande kjørevanskane. — Det var ein amerikansk turist som ikkje kunne med våre smale vegar, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.