Det var torsdag kveld påmeldt over 70 løparar i konkurranseklassen, og Lars Olav Larsen i Vindafjord IL reknar med at over hundre stiller til start.
— I tillegg håpar me på minst like mange i trimklassen. God breidde er viktig for arrangementet, og vêrmeldingane for morgondagen er ikkje dei verste, seier han.
Lokal utfordrar
I år er det sett opp pengepremie for den som set ny løyperekord. Favoritt i herreklassen, Torstein Tengsareid har vunne motbakkecupen dei to siste åra, og leiar når det fjerde løpet står for tur. Førre helg sprang han inn til ein flott 21. plass i EM.
Ein av dei argaste utfordrarane blir Ragnar Stølsmark frå GTI Stavanger som har fordel av heimebane. Ein annan lokal herre som viser lovande takter er Kristian Heggebø frå Ølen, som representerer Vindafjord IL. Kvinneklassen er meir open. Påmeldingsfristen i konkurranseklassen går ut fredag kveld, medan mosjonistane berre kan stilla opp.
Hestanipen Opp er 3,5 kilometer langt og har 14,5 prosent stigning opp til 509 meter over havet. Her er det fantastisk utsikt over Vikedal.