— Dette er eit tilbakeslag for sauenæringa i Rogaland, seier spesialinspektør Arvid Reiersen i Mattilsynet.
— Skuffande
Det er blitt lagt ned store ressursar for å rydda ut denne sjukdomen sidan den blei oppdaga i 2008. Alle sauene i fylket er blitt undersøkt og der det er blitt påvist fotròte er sjukdommen blitt sanert ved fotbading og slakting.
Talet på tilfelle har gått gradvis ned frå 19 påviste besetningar i 2010 til éin ny påvising i 2014. Ved årsskiftet 2015 var det berre éin besetning med restriksjonar for fotròte i Noreg.
— Me hadde håpt at me hadde kome i mål og at det ikkje var meir fotròte igjen etter dei tiltaka som er blitt gjort. Det er difor skuffande dersom det blomstrer opp igjen, seier Reiersen.
Den ramma besetninga som består av både sau og storfe, er blitt bandlagt. Mattilsynet kartlegg nå vidare i forhold til kontaktbesetningar og vidare oppfølging av disse.
MRSA
I førre veke opplyste Grannar at Veterinærinstituttet har varsla Mattilsynet om funn av MRSA bakterie hos éin sauebesetning i Vindafjord. Det vart tidlegare påvist MRSA i svinebesetning på same garden. Mattilsynet seier at det ikkje er grunn til bekymring for folk.
Stafylokokkar er bakteriar som er ganske vanlege hos både menneske og dyr. Enkelte gule stafylokokk-bakteriar har utvikla seg til å bli resistente mot fleire typar antibiotika, og desse kallas MRSA.
Det vart tidlegare påvist smitte hos i alt fem svinebesetningar i Vindafjord. Desse er slakta eller står klare til å bli slakta i nær framtid, for å unngå vidare etablering av bakterien.
Sauene er mest sannsynleg smitta av grisane gjennom støv frå ventilasjonsanlegget. Bakterien er svært lite smittsamt hos sau.
Mattilsynet slår fast at sjansen for at menneske blir smitta gjennom å ete kjøtt, er svært liten. Bakterien befinn seg i hovudsak på overflata av kjøttet, og døyr ved varmebehandling. Så lenge kjøttet blir behandla hygienisk, er risikoen låg.
Fakta om fotròte
Fotròte er ein smittsam, kronisk bakterie infeksjon i klauvene på småfe. Sjukdommen førekjem i dei fleste land, også i Noreg.
Sjukdommen har som oftast eit langsamt forløp. Når den bryt ut, kan den forårsaka omfatteande skadar i klauvene. I enkelte tilfelle kan heile eller deler av klauvsålen lausna.
Fotròte er ein gruppe B sjukdom, og ved mistanke om sjukdommen skal det meldast frå til Mattilsynet.
Mattilsynet bekjempar sjukdommen, og målet er å utrydda den.