Leiar i Sandeid fengselsforening tilknytt NFF, Jane Elin Owe og nestleiar Siv Smørdal opplever at det går på samvitet laust når dei ser på alt dei kunne fått til. 
Foto: Ida Eline Skålnes
Leiar i Sandeid fengselsforening tilknytt NFF, Jane Elin Owe og nestleiar Siv Smørdal opplever at det går på samvitet laust når dei ser på alt dei kunne fått til. Foto: Ida Eline SkålnesBilde 1 av 3
Livet utanfor porten kan bli vanskeleg utan rehabilitering.
Livet utanfor porten kan bli vanskeleg utan rehabilitering. Bilde 2 av 3
Sandeid fengsel er eitt av landas billigaste fengsel i drift. — Me kan ikkje bli billigare, seier dei tilsette. Dei 88 insette må liggje på firemannsrom, noko som ikkje er ideelt verken for dei  sjølv eller dei tilsette.
Tryggleiken i Sandeid fengsel er tema i dette innlegget. ArkivfotoBilde 3 av 3

På bekostning av kvaliteten

Regjeringa vil effektivisere kriminalomsorga ved å kutte 30 millionar kronar. Det får konsekvensar for ein allereie pressa sektor, inkludert fengselet i Sandeid.

I eit brev til Justis- og beredskapsdepartementet skildrar Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund (NFF) kriminalomsorga anno 2015 som eit av tidenes verste år for innsette og tilsette. Leiar i NFF, Rita Bråten ser på situasjonen som alvorleg.

— Stillingar blir ståande vakante, det blir meir press på dei tilsette og ikkje minst nedprioritering av program for rehabilitering, seier Bråten når ho peikar på nokre aktuelle konsekvensar ein i dag står ovanfor.

Sprengt kapasitet

Fungerande fengselsleiar i Sandeid fengsel, Johnny Seldal seier dei merkar godt til utfordringane budsjettkuttet gir. Han meiner det ikkje er mogleg å klare seg på mindre enn det dei har no. Program for avgjerande rehabilitering av dei innsette har måtta nedprioriterast. Tilbod i sinnemeistring og alternativ til vald (ATV) er kutta ut.

— Det gir utfordringar når det kjem inn personar som krev meir oppfylging, seier han.

Leiar i Sandeid fengselsforening tilknytt NFF, Jane Elin Owe og nestleiar Siv Smørdal seier kapasiteten er sprengt.

— Me klarar ikkje å ha den éin- til éin-kontakten, og mister på den måten den relasjonelle kontakten me bør ha i arbeidet vårt, seier Owe.

Rusbruken truar

Rusbruk i fengsel er eit problem, og dei tilsette ved fengselet i Sandeid ser at bruken aukar etter kvart som program og aktivitetar forsvinn. Fengselet har eit produksjonskrav som blir vanskeleg å halde når mange av dei innsette ikkje er reine nok til å handtera maskineriet. Mangel på aktivitet og arbeid fører til utrangerande oppførsel og herverk.

Seldal meiner dei har gode tiltak i form av kontrollar utført av hundar og i det daglege. Men dette krev tid, og då må dei prioritera.

Tyngre klientell

Smørdal skildrar eit klientell som er langt tyngre enn for berre nokre år sidan. Gjennomsnittet på soningstida no er halvtanna år. Det gjer at dei treng å få heva kompetansen. Men kvar skal dei ta midla frå?

— Me ser at dei som kjem inn til soning her berre blir yngre og yngre. Mange hatt eit vanskeleg liv frå starten av, utan tilstrekkeleg oppfylging frå barnevernet. Og så kjem dei her, seier Smørdal og innrømmer at dei har langt i frå midlar til tilby desse god nok oppfylging.

Skal bli våre naboar

Dei opplever at det herskar eit inntrykk om at dei innsette ikkje fortener anna enn brød og vatn.

— Dette er folk som sonar si straff, seier Owe.

Saman med Smørdal meiner ho ingen er tent med at dei innsette ikkje får rehabilitering.

— Desse folka skal vere våre naboar ein dag. Så kan ein jo spørje seg sjølv kven ein ville hatt som nabo. Ein som har sete aleine bak lås og slå, eller ein som har fått oppfylging og rehabilitering? Dei rettar spørsmålet spesielt mot dei som sit øvst i systemet og sender ut krav utan eiga erfaring.

Verneombod i fengselet, Rune Vestbø, er bekymra for at sjansen for at dei innsette fortset sin kriminelle løpegang når dei kjem ut, blir enda større.

— Me jobbar med folk, ikkje fangar seier han og legg til:

— Dei merkar når tilboda forsvinn.

Ein kan jo spørje seg sjølv kven ein ville hatt som nabo

Skulen einaste tilbod

Per i dag er skulen det einaste programmet fengselet har å tilby. Den fungerande fengselsleiaren skryt av jobben dei gjer.

— Skulen gjer ein kjempejobb. Det er dei som gir oss moglegheita til å gi dei innsette kompetanse til å fungere på utsida, seier Seldal.

Dei tilsette synest det er slitsamt å sjå på alt som ikkje blir gjort.

— Det er så mange flinke tilsette her som vil gjera ein god jobb! Men til det må me ha ressursar, seier han.