To menn tidleg i 20-årsalderen er meldt for å ha skrudd ned eit vegskilt i Vikedal natt til sundag. Dei bar på eit vikepliktskilt då politiet hanka dei inn og har erkjent forholdet. Tidlegare på kvelden blei ein mann i 20-åra bortvist frå området i Vikedal der det i helga var sommarfestival. Politiet har også hatt arbeid med leiting etter ein 17-åring som forsvann frå festivalen, men han kom til rette av seg sjølv, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.