Torsdag ettermiddag brakar det laus med ein ny Vikedal Roots Musicfestival. Det heile startar med familieprogram og eventyrstund med Nina Sele , innslag frå Vindafjord kulturskule , Vicky frå MGP og avslutning med Elisabeth Kristensen kjent frå The Voice, før dei kjente artistane og banda inntar scenen i det store teltet.
Festivalsjef Jarle Nes melder om at det meste er under kontroll, og gler seg til tre dagar med mykje god musikk, folkeliv og flott stemning.
— Det teiknar til bli ein bra festival med mange gode namn. Først blir det ein roleg start torsdag ettermiddag med familiekveld utan alkohol.
Kvelertak
Sjølv har rootssjefen mange band å sjå fram til, men kan ikkje unngå å nemna Kvelertak.
— Det blir spesielt å oppleva dei her i Vikedal med vokalist og frontfigur Erlend Hjelvik på heimebane, seier Jarle Nes om bandet som er sist ut i det store teltet fredag kveld.
Irske Dublin Legends er eit anna band han personleg ser fram, og i same andedrag kjem både Bertine Zetlitz, med ny plate på norsk, Jonas Fjeld med band og Jaa9 & OnklP.
— Og vêret har du kontroll på?
— Ikkje heilt, men me har to store telt, så dei aller fleste skal få stå under tak om det kjem ei bøye, men me håpar jo sjølvsagt at sola også stikk innom, seier festivalsjefen og er klar over varierande vêrmeldingar.
Han fortel om godt førehandssal og oppmodar flest mogeleg om å sikra seg billettar på førehand, sjølv om det er mogeleg å kjøpa ved inngangen
Her er årets plakat:
Kvelertak
Dublin Legends(Ire)
Bertine Zetlitz
Wolfstone(Sco)
Bap Kennedy (Ire)
Jonas Fjeld med band
Jaa9 & OnklP
Violet Road
Odin Staveland
Tove Bøygard
Wholy Martin
Bjellands Ugras
Susie & the spuds
Maria Toresen
Silja Sol
Hilde Selvikvåg.
Elisabeth Kristensen
+ familiearrangement